bgdakveld 5_350x310

Fullt hus og hemningslaus humor på bygdakveld

Kåre Korsnes (t.v.), Anne Marie Moen, Øyvind Holte og Magne Lillegård var blant aktørane som sørga for stor stemning i Surnadal Kulturhus laurdag kveld. Bygdakvelden i Storstuå var utselt, og publikum fekk to og ein halv time med underhaldning frå Surnadal, Rindal og Halsa. Sjå bildekavalkade frå bygdakvelden her!

Nils A. Egeness var konferansier under bygdakvelden, der ein fullsett sal i løpet av kvelden fekk eit program med stor variasjon. Blant aktørane på bygdakvelden var Koret dirigert av Rolf Arne Berg, Johnse Sættem, Sigrid Vetleseter Bøe, Gjermund Moe, Hedda Hansen Berg, Lars & Lars Rune Sæther, Arne Landsem, Bøfjord Teaterlag, Torill Moe, Førkjånn og Gøran Bolme samt orkesteret beståande av Rune Dalager (gitar), Svein Håvard Saksen (trommer) og Per Olav Bredesen (bass).

Klikk på bilda for større versjonar.

bgdakveld 5
Kåre Korsnes (t.v.), Anne Marie Moen, Øyvind Holte og Magne Lillegård sørga for gapskratt.
bgdakveld 1
Johnse Sættem sørga for gapskratt.
bgdakveld 2 NY
Sigrid Vetleseter Bøe og Gjermund Moe.
bgdakveld 4 ny
Torill Moe med orkesteret, beståande av trommeslagar Svein Håvard Saksen, gitarist Rune Dalager og bassist Per Olav Bredesen.
bygdakveld 6 ny
Bøfjorden Teaterlag med sketsj om ikkje akkurat lovleg mopedkøyring.
bgdakveld 7
Visarbækren, alias Arne Landsem, hadde det ikkje berre greit.
bgdakveld 8
Bøfjorden Teaterlag song om Vårsøg Hotell og Vengjespennet.
bgdakveld 9
Gøran Bolme song og fortalde om Todalen, der alt er størst og best - i alle fall ifølgje todalingane sjølv.
bgdakveld 10 NY
Nils A. Egeness var konferansier under bygdakvelden.
bgdakveld 3
Søskenbarna Lars og Lars Rune Sæther song om sti og impregnert plank opp mot Knyken.