Jørgenkveld - Alle_350x237

Fullt hus på Jørgenkveld

Jørgenkvelden i Storstuå i Surnadal Kulturhus laurdag kveld samla fullt hus som fekk oppleve aktørar som Holger Skei, Johnse Sættem, Bernt Bøe, Gøran Bolme, Kolbjørn Botten og medlemmer frå Svarrabærje Teaterlag samt eige orkester. Svanhild Husby sitt initiativ til ein kulturkveld der Jørgen Gravvold vart heidra for sine tekster og inntekta gjekk til forskninga mot krybbedød, vart ei varm og flott forestilling med både humor og alvor, musikk og opplesing. Sjå stor bildekavalkade inne i saka!

Ti år ettter Jørgenkabareten i Surnadal, var det laurdag 30. april klart for Jørgenkveld i Storstuå. Diktaren Jørgen Gravvold (1930- 2005) frå Bøverdalen var for surnadalingar flest kanskje mest kjent for underhaldande og humoristiske tekster som "Ita kvitløk" og "Bøverdalsrock", men hadde også mange dikt der både alvoret og sorga og det bitande og kritiske fekk ha hovudrolla.

Laurdag vart Jørgen på nytt heidra for alt han betydde for kulturen i Surnadal. Både kjent og kjært stoff vart presentert, saman med ting som ikkje har vore framført tidlegare.

Initiativtakar til Jørgenkvelden, Svanhild Husby, mista sonen Lukas i krybbedød for nokre år sidan, og fann trøyst og styrke i musikk og Jørgen sin dikt. Delar av inntekta frå kulturkvelden laurdag, der dei involverte stilte opp til dugnad, går til forsking på krybbedød i Norge, i tillegg til at ein viss prosent går til Jørgenfondet.

Aktørane som deltok var Svanhild Husby, Holger Skei, Bernt Bøe, John "Johnse" Sættem, Karstein Mauset, Håkon Fredriksen Olav Nergård Tørset, Kolbjørn Botten, Ingebrigt Røen, Linda Botten, Gøran Bolme, Oddrun Husby, Janne Husby og orkesteret, beståande av Per Holten, Helge Nilsen Wesche, Jostein Dønnem og Rune Dalager samt lyd- og lysansvarlege Ola Langli og Karstein Telstad.

 Klikk på bilda for større versjonar.

Svanhild Husby, Linda Botten, Oddrun Husby_1024x741
Initiativtakar til Jørgenkvelden, Svanhild Husby (t.v.), saman med Linda Botten og Oddrun Husby.
Bernt Bøe_1024x710
Bernt Bøe demonstrerte samfunnskritikaren Jørgen Gravvold i Jul i butikksenteret, og humoristen Gravvold i diktet Kyrkjedag, der Bøe sjølv har ei hovudrolle.
Gøran Bolme, Svanhild Husby_1024x766
Gøran Bolme og Svanhild Husby.
Helge Nilsen Wesche, Per Holten, Rune Dalager_1024x660
Orkestermedlemmene Helge Nilsen Wesche, Per Holten og Rune Dalager.
Johnse Sættem_1024x691
Johnse Sættem, god kjennning av Jørgen Gravvold, framførte Ungkarstankar og Gutane på brua.
Kolbjørn Botten_1024x729
Kolbjørn Botten har tonesett mange Jørgen Gravvold-dikt.
Karstein Mauset, Olav Nergård Tørset_1024x687
Karstein Mauset og Olav Nergård Tørset.
Jørgenkveld - Alle[1]_1024x694
Alle aktørane samla på scena til Bøverdalsrock.
Holger Skei_1024x761
Holger Skei.