surnadal vidaregåande skole fasade 2016_690x403

Fylkeskommunen stenger vidaregåande skular og tannklinikkar

For å forebygge ytterlegare smittespreiing, har fylkeskommunedirektøren i dag bestemt å stenge dei vidaregåande skolane. Det same gjeld for ordinær drift ved dei offentlege tannklinikkane i fylket. Stenginga gjeld frå og med 13. mars og gjeld i to veker. Det melder Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Både Surnadal vidaregåande skule og den fylkeskommunale tannklinikken i Surnadal vert omfatta av vedtaket. 

heimesidene til fylkeskommunen vert det meldt at undervisninga ved dei 23 vidaregåande skulane i fylket frå og med fredag vil gå føre seg digitalt:

"Den enkelte skole skal følgje opp og legge til rette for at dette kan gjennomførast. Elevar og tilsette skal i dag ta med bøker og PC heim, slik at dei kan gjennomføre heimeundervisning.

Elevar og tilsette er ikkje satt i karantene, tiltaket blir innført for å hindre smittespreiing. Det vil også skape ro og tryggleik for elevar, føresette og tilsette.

Når det gjeld elevar med behov tilpassa opplæring, vil det vere tett dialog mellom heim og skole om denne situasjonen.", står det i saka på www.mrfylke.no.  

Den tek og for seg det reduserte tannhelsetilbodet som oppstår som følgje av stengingane. Det vil bli gjeve tilbod om akutt tannbehandling ved smertefulle betennelsar og alvorlege tannskadar ved følgjande beredskapsklinikkar:

Ålesund kompetanseklinikk, tlf.  71 28 48 00
St. Carolus kompetanseklinikk, Molde, tlf. 71 28 46 20
Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70

Fylkeskommunen viser til at det akutte tilbodet primært gjeld for dei pasientgruppene som etter tannhelsetenestelova har rett på gratis tannbehandling. 

Kjente smitteberarar av koronaviruset med/utan symptom, og med behov for akutt tannbehandling, skal ta kontakt med ein av dei fire beredskapsklinikkane per telefon for avklaring av vidare behandling.