Fylkesmannen besøker Rindal

Den nye fylkesmannen i Møre og Romsdal, Lodve Solholm, ønsker å besøke ordførar og rådmann i alle kommunar i Møre og Romsdal i 2010 - eit uformelt møte på maksimum to timar. Til Rindal kjem den nye fylkesmannen 3. mars neste år.

Frå fylkesmannen si side legg vi opp til eit uformelt møte på maksimum to timar. Vi tek ein kopp kaffi og snakkar om laust og fast. Dette for at fylkesmannen ønskjer å helse på Dykk og få eit lite innblikk i dei utfordringane som kommunen står overfor.
Det blir fylkesmannen og assisterande fylkesmann som deltek på møtet, heiter det i eit brev frå fylkesmannen til Rindal kommune.