Fylkesmannen tilrår vern av Geitåa
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har, i samarbeid med Allskog, hatt verneplanprosessar på fire skogområde gjennom ordninga frivillig vern, mellom anna Geitåa i Surnadal. I høyringsperioden frå 22. mars til 1. juni fekk dei ingen fråsegner til verneframlegget til oppretting av Geitåa naturreservat, og fylkesmannen tilrår no difor oppretting av det 428 dekar store reservatet.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal skriv i saka si at Geitåa i Surnadal kommune er eit mindre område edellauvskog på 428 dekar, men av høg kvalitet. Skogen har godt utvikla struktur, med gamle tre og fleire raudlista artar.
I forslaget til forskrift heiter det vidare at lokaliteten består av ein mosaikk av rik edellauvskog, bekkekløft og bergvegg, gammal lauvskog og et lite innslag av rik sumpskog. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.
Sjølve tilrådinga ser slik ut:
"Fylkesmannen har i tida 22.03 – 01.06.2019 gjennomført høyring av framlegg om oppretting av nytt verneområde, Geitåa naturreservat. Framlegget er sendt lokale, regionale og nasjonale høyringsinstansar, det er kunngjort i lokalavisene og området er lagt ut på fylkesmannen si heimeside.
Vi fekk ingen fråsegner til verneframlegget til oppretting av Geitåa naturreservat.
Tilråding:
- Fylkesmannen tilrår oppretting av Geitåa naturreservat i samsvar med høyringsframlegget med eit areal på 428 dekar.
- Verneføremålet vert tilrådd som i høyringa.
- Forskrifta elles blir tilrådd som formulert i høyringsforslaget"