Fylkesmeister i yrkesfag
![Ola Bolme Todalen[1].jpg](https://img7.custompublish.com/getfile.php/4094069.1537.nqnlqkunwzqz7k/Ola+Bolme+Todalen%5B1%5D.jpg)
På bildet ser vi Ola Bolme med vandrepokalen, flankert av ein elev frå Molde (t.v.) og Ålesund. (Foto: Kristiansund vgs).
Ola Bolme frå Todalen er elev ved Kristiansund videregående skole, Vg2, og torsdag vart han fylkesmeister i yrkesfag, kjøretøy. Ola og lærar Einar Einvik skal no delta i NM på Hamar i uke 15.
Konkurransen var firedelt, fortel Ola Bolme. Første øvinga handla om elektro. Dei skulle finne fram til spenningsfeil i nærlyskretsen til ein bil og måle seg fram til den. Så skulle dei kontrollere kjølesystemet til ein bil. Tredje del var å legge om to dekk på ein bil, med dekkmaskin, og så sette dei på att. Siste øvinga var å ta ut gearkassen på ein motormodell og måle slitasje av kløtsjen.
Dei hadde 45 minutt på kvar oppgave, og Ola hadde berre litt tid att på alle øvingane, fortel han.
Premien i fylkeskonkurransen var i tillegg til vandrepokal, medalje og eit par reklamegenserar. Han fekk også med seg nokre bilpleieprodukt, så no skal det bli fine bilar i Todalen, lova han!
Vandrepokalen skal stå på ei hylle i verkstaden på skulen.
I veke 15 skal han og læraren møte vinnarane frå 12 andre fylke til landsfinale. Etter vinterferien får han greie på kva øvingar som inngår i landsfinalen.
Trollheimsporten gratulerer Ola Bolme med plass i landsfinalen!
Til hausten skal ta lappen, og Surnadal Lastebilverkstad må vere nøgd med den nye lærlingen dei tek inn til sommaren.
			
.png)

