
Fylkesprisen Årets Bedrift 2012
Om prisen:
Møre og Romsdal fylkeskommune oppretta i 1991 ”Fylkespris for Årets Bedrift”. Prisen blir delt ut kvart år til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Formålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivsbedrifter i fylket til innsats for samfunnet.
Kriterium for "Fylkesprisen for Årets Bedrift"
Tildeling av prisen skal vurderast etter følgjande kriterium:
- Vanleg bedriftsøkonomisk vurdering.
- Organisasjon, personalpolitikk og bedriftsleiing.
- Profilering. Her vil til dømes bedrifta sin miljøprofil vere viktig.
- Framtidsretta og miljøvenleg produksjon og produksjonsutstyr.
- Produktutvikling og marknadsføring.
- Satsing på nye og miljøvenlege produkt.
- Internasjonalisering.
- Kva bedrifta har å seie for lokalsamfunnet og for industrimiljøet i fylket.
- Trivsel og godt miljø på arbeidsplassen.
Det er vidare ein føresetnad at prisen skal veksle mellom bransjane.
Fylkesprisen Årets Bedrift 2012" vert delt ut på Fylkestinget i april.
Kom med forslag på din kandidat!
Påmeldingsskjema finn du her på
Heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune
.............................................................................................................................................................
Tidlegare vinnarar
2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune
2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune
2009: Saferoad AS, Ørsta kommune
2008: Odim AS, Hareid kommune
2007: Brunvoll AS, Molde kommune
2006: Haugen Bok AS, Volda kommune
2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune
2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune
2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune
2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune
2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune