Ola Borten Moe og Ragnar Halle _cropped_277x280

Fylkesvegane i Surnadal kommune

Hovudutvalet for teknikk, miljø og næring i Surnadal er svært bekymra for vedlikehaldet av fylkesvegane i kommunen. Utvalet har også ansvar for trafikksikkerheita, og meiner at det dårlege vedlikehaldet kan føre til alvorlege trafikkuhell. På siste møte i Hovudutvalet for teknikk, miljø og næring i Surnadal vart vi einige om å sende dette til Fylket, avisene og Trollheimsporten. Ragnar Halle (Sp) (til venstre) er leiar i hovudutvalet.

Om ikkje sentrale styresmakter gjer noko med vedlikehaldsbudsjetta på fylkesvegane, fryktar vi fleire alvorlege uhell. Dårlege og utrygge vegar hemmar næringsutviklinga i regionen.

Situasjonen er så alvorleg at hovudutvalet krev ekstraordinære tiltak, før fleire ulukker skjer.

Ragnar Halle, leiar (Senterpartiet) (til venstre), Oddvar M. Væge, nestleiar (Arbeidarpartiet), Lilli Husby (Arbeidarpartiet) Anita Land, (Sosialistisk Venstreparti),Tor Rune Halset, (Høgre), Einar Grønnes, (Senterpartiet), Ann Grete Gravvold (Arbeidarpartiet).