kampbilde aasbø

Ny rapport fra kamp Surnadal G16-Rustad IL

G16 til B-sluttspel

Så var det klart at Surnadal G16 går vidare til B-sluttspel. Tirsdag gjekk dei på ei skikkeleg surt tap, etter å ha spela sin beste kamp til no i Norway cup. Surnadal G16 tapa 1-0 mot Rustad på Rustad sin heimebane tirsdag. Dette til trass for at cupveret var mesta nordmørsk kjent og regnvått, og sjølv om innsatsen var på topp gjennom to fulle omgangar. 

 

Olav Aasgård var tilbake i målet i delar av første omgangen, medan Mikkel Bæverfjord vakta nettmaskene resten av tida. Alt i alt fekk vi sjå ein kamp der eit skjerpa Surnadal førte an og pressa motstandaren heile tida, men det viste seg umuleg å score. Dessverre, må vi seie. Dette var ein kamp som gutane hadde fortent å vinne.

Håpet om A-sluttspel var likevel ikkje ute. Dersom Åsane vann sin kamp, kunne sjansen fortsatt vere der. Men så kom beskjeden om at Åsane hadde tapa 4-0 over Koppang. Dermed blir det tidleg opp for ny kamp tidleg onsdag morgon for G16. Og ny kamp på onsdag ettermiddag dersom det blir seier. Vi kryssar fingrane for at dei heng med ei stund til. Tvi tvi!

 

 


Topp laginnsats mot Rustad IL fra G16, her Steinar Gjeldnes, Jonas Aasbø, Bjarne Madaus, Sven Ranes og Ola Aarnes i aksjon.


Simen Brøske i aksjon for Surnadal, i bakgrunnen Mikkel Bæverfjord (i mål), Lars Bæverfjord, Bjarne Madaus og Sven Ranes.


Surnadalsgutane leverte sin beste kamp så langt mot Rustad, og hadde fortjent seier. Her leiar Ola Aarnes an, vi ser også Martinus Sollid, Bjarne Madaus, Mikkel Bæverfjord og Anders Gjerstad Lindvåg.


Håkon Gjerstad Lindvåg (til venstre) og Sindre Dahle Fiske sørga for å halde dei mest innpåslitne Rustadsupportarane unna banen.

 

Tekst/bilde: Rita