Går inn for bru over Todalsfjorden
Fylkesutvalet har sett endeleg punktum for ein mangeårig debatt. Også dei vil ha bru over Todalsfjorden. Det melder NRK Møre og Romsdal i dag.
Tidlegare har kommunestyra i Sunndal og Surnadal gått inn for lang tunnel, men no har dei snudd og vil ha brualternativet.
Måndag kveld sa også fylkesutvalet ja til bru.
– Dette er enormt viktig, sa ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim (Ap) til NRK, etter vedtaket i fylkesutvalet.
30 år etter at arbeidet tok til, tok ferjefri kryssing av Todalsfjorden i mai eit langt steg nærare realisering. Eit samrøystes kommunestyre i Sunndalgjekk då inn for ei løysing dei fleste berre bles av for fire år sidan.
Surnadal-ordførar Lilly Gunn Nyheim poengterer at det var dei aller fleste som meinte bru var betre enn tunnel, men at det var prisen som gjorde at ho og andre gjekk for tunnel i utgangspunktet.
– Eg har håp om byggestart snarast mogleg, eg trur det er realistisk med 2018 - 2020.
Frank Sve (Sp) i fylkesutvalet trur det kan gå endå raskare å sette i gang.
– Regjeringa si løysing med ferjeavløysingsmidlar over 40 år er med på å bidra til at kryssinga av Todalsfjorden kan kome vesentleg raskare fram.
Les heile artikkelen her, på www.NRK.no/mr/: Sette punktum for mangeårig debatt
Foto: Trond Vestre, NRK