Banksjef og Kristin

Rindal sparebank:

Gåveutdeling

Rindal sparebank inviterte til gåveutdeling tysdag kveld. Lag og organisasjonar som hadde sendt inn søknad til banken, fekk tildelt pengegåver slik at dei kan fortsetta sitt viktige samfunnsnyttige arbeid med litt ekstra midler. Gåvene vart overrekt av banksjef Magne Bjørnstad og Kristin Langli.

Banksjef Magne Bjørnstad innleia kvelden med å fortelja kort om bankens historie og regnskapstal dei siste åra, og kunne visa fram eit godt resultat. Samtidig sa han at banken ønska å vera ein støttespelar til lokalsamfunnet med å gje pengegåver til lag og organisasjonar. - Vi deler ut tilsaman ca 800 000 kr. fordelt på 30 lag og organisasjonar, samt at vi deler ut 300 000 kr i sponsormidlar, sa banksjefen og presiserte kor viktig desse forskjellige organisajonane og laga er for lokalsamfunnet.

Dei som var til stades for å ta imot pengegåve var:

- Rindal Frivilligsentral
- Granheim grendahus
- Torshall BA
- Arena:kirke
- Elvepromenadens venner
- Lomunda grendahus
- Røde Kors, besøkstjenesten
- Barnas sommertevling
- Rufus 4H
- Blæst`n
- Rørvatnet vel
- Perikom
- Rindal kommune

7500,-..JPG
Representantar frå dei forskjellige lag og organisajonar med gåva. Frå venstre: Oddvar Løset, ​Elvepromenadens venner. Anne Antonsen og Mildrid Kattem Aune, Granheim grendahus. Anni Karlstrøm, Rindal frivilligsentral. Ragnhild Myklegard, Lomunda grendahus. Ole Trygve Foseide: Arena:kirke. Karstein Mauset, Torshall BA.

10000,-.jpg
Tove Flåtten og Inger Romundstad, Rindal Røde Kors, og Randi Holte, Barnas sommertevling.

15000,-.jpg
Anni Karlstrøm, Blæst`n. Elmer Talgø, Rindal Vel. Karstein Mauset, Perikom. Nils Heggem, Rindal Kommune. Unn Inger Halgunset og Ingunn Bævre, Rufus 4H, og Endre Norli, Rørvatnet Vel.