IMGP8754

Galleri Session

Det var ikkje fordi Rindal kirke var for lita at konserten Arena:Kirke arrangerte fredag kveld plasserte publikum på galleriet! Nei, det var fordi musikarane var der.

IMGP8771.JPG
Organist Thomas Torstrup og gitarist Martin Högberg med stjerne-saksofonisten John Pål Inderberg gav ein konsert som var ei lise for øyret, som ein publikumar uttrykte det.

Utgangspunktet var fleire år med samarbeid mellom Torstrup og Högberg som dei har samla i plata «Selbu Session». Saman med John Pål Inderberg fekk vi oppleve sjangeroverskridande låtar med improvisasjonar utført av dyktige handverkarar.

Musikken deira kan karakteriserast som ein sfærisk, levande og impulsiv form for kammerjazz inspirert av salmar, folkemelodiar og jazz.

Konserten opna med eit Preludium skrive av Torstrup og gjekk over i eit nytt verk, der musikarane veksla med soloinnslag og samspel.

Stykket Catchy Teamwork følgde opp med samspel der musikarane fanga kvarandre lett og luftig, for dei var på same lag.

Vi fekk ein mørk orgellåt, som lysna når gitaren kom inn med sitt melodiske innslag før orgelet slo til med sine lysaste tonar, kanskje lysare enn øyrene våre kunne fange!

IMGP8770_690x1037.jpg
John Pål Inderberg hadde fleire verbale innslag i kjent stil. Han kjente dei to andre frå studiane ved jazzlina på NTNU. Der fortalte han at han underviste i musikk som ikkje er spela før, eller improvisasjon som andre kallar det.

2019-03-22 20.04.34.jpg
Han forklarte også at han ville ha publikum i lag med seg oppe på galleriet, slik at vi kunne sjå at dei tre musikarane var like gamle.

2019-03-22 19.07.19.jpg
Vi som publikum fekk maksimalt ut av konserten med at vi såg musikarane!

IMGP8748.JPG
Gitarist Högberg (over) presenterte melodien May Fourth (totusenognåkka), der han spela både på strengene og gitaren i lag med dei to andre. Vi merka alder-så-lite barregrep på gitaren, orgelbassen låg stødig under og vi ante innslag av ein pols, visstnok etter Hilmar Aleksandersen. Kanskje vi såg maistonga i det fjerne bak folketonen.

IMGP8758.JPG
Thomas Torstrup (ved orgelet) presenterte Brudemarsj frå Stavanger skriven i Trøndelag, der dei tre musikarane deltok med sine improvisasjonar over same tema til store høgder. Harmonisk start på eit samliv for brudeparet!

Etter klangfulle Samle Malm som siste ordinære nummer, applauderte publikum seg til eit ekstranummer.

IMGP8766.JPG

Takk for konsert med Musikk du ikkje har hørt før (Inderberg).

Vil du oppleve denne konserten, så kan du dra til Oppdal kirke søndag kveld kl. 19.00!

2019-03-22 18.59.00.jpg

IMGP8752.JPG