hvem, hvor_1024x655

Tre ukjente karar!

Gamalt bilde - ein karhop frå Bokta

Ragnhild Stavne Bolme har kome over eit gamalt bilde av ein gjeng karar på sykkeltur. Bildet er frå Rindal, men er det nokon som kjenner att karar eller landskap?
Ola Løfaldli har nå svaret på nesten alt!

 

 

Dette bildet av karer på sykkeltur mener jeg at jeg har sett før. Jeg kan ikke si hvem karene på bildet er, men jeg mener at dette kan være oppi Bokta, det vi kaller for Haugamelsvingen. I bakgrunnen ser vi dyrka mark, det blir på andre sida av Sunna, der hvor Øyaholten og Øyabakk ligger. Bildet er litt uklart, men ligger det ikke noen hus oppå bakketoppen der? 
 - Stein Løfald

 

Ja, det ligg hus på andre sida av dalen, Stein! Eg og tenkte på Øyaholten. Trur også eg kjenner att guten som sitt heilt til høgre. Han er veldig lik Fredrik Toreson Løfald frå Løfaldlykkja, f. 1906. Han flytta oppi Romundstadbygda da han vart vaksen og var gift med Marie Olsdotter Heggem, f. 1906, frå Heggem Utistu.Da må dette bildet vorte teke i 1915 og der omkring. - og er det Mikkel Holte (Lulia) som sitt som nr. tre frå venstre? Da er det omoggjort å kjenne att resten av dei gamle boktingane!
- Ragnhild Stavne Bolme

 

Fotografiet til Ragnhild viser ein karhop som sit og spelar kort på ein mykje bruka møteplass i Bokta i gamle dagar. Han låg der heimen til Jostein Løfald (Sten) er i dag. I bakgrunnen ser vi, som Stein Løfald skriv, Øyaholten.
Karane er, f.v: Ingebrigt Øyen (Trøa), Ingebrigt Løfaldli (Østbø), Mikkel Holte (Luli), Ingebrigt Holte (Åkerbakk, har hatt og brøstduk), så 3 ukjente karar, framom sit John Løfaldli (Rønningen).
Far min, Lars A. Løfaldli (Trøa), fekk dette bildet tilsendt frå John Løfaldli (Rønningen) medan han var i Amerika med spørsmål om"kjenner du disse karene?"
 - Ola Løfaldli

 

Klikk på bilde for å se det større.

 

hvem, hvor