Picasa

Årbok for Bøfjorden og heile Nordmøre

Gamle Nordmør 2013


GmN a_500x446.jpg

Leiar i Bøfjorden Historielag, Bernt G. Bøe, er glad for å presentere årbok også i år


«Gamle Nordmør» er både årbok for Bøfjorden Historielag og ei julebok for heile Nordmøre. Årets utgåve har lokalstoff frå kommunane Kristiansund, Aure, Halsa, Surnadal, Sunndal og Tingvoll.
 

Innhaldet spenner vidt - over dikt og segner, intervju, fotballjubileum, skyttarhistorie, gamle albumfoto, fraktefart og skipsbygging til musikkbiografi, dyrehistorier, drama og minne frå krigens dagar.
 

Skrøvsetvika har fått brei omtale – som representant for dei mange trafikknutepunkta med butikk, dampskipskai, post og busstasjon langs fjordane på 1900-talet.

 

GmN b_500x312.jpg

Kø ved Orsetbua i Skrøvsetvika under krigen


 

Eit unikt intervju med Johan Falkberget kastar delvis nytt lys over diktarens karriere. Det vart til da journalist Magnar Åsgård saman med ein vennegjeng drog til Ratvolden og besøkte Falkberget i august 1963.


GmN d Falkberget 1963_500x389.jpg

Johan Falkberget og Magnar Åsgård i 1963


 

Juletradisjonar frå gamle Bøverdalen er formidla i eit fint intervju som avisa Driva i si tid hadde med Johanne Holten (1890-1989) frå Toresetra.


GmN c HOLTEN JOHANNA Julekv 1958.jpg

Johanna Holten mintest jula på Sæterbø i 1890-åra


 

Glimt frå Gerhard Schønings Nordmørs-reise i 1773 gir innsyn i den tids klesmotar, kyrkjehistorie og jordbruk.
 

Stein Sættem fortel om 100-årsjubilanten Nordmøre Meieri, og Bernt G. Bøe føyer til historia om eitt av dei mange smørmeieria rundt 1900 – «Bøfjordens Meieri».
 

Gunnvald Bøe skriv om sandfrakting og språkleg kystkultur. Og Hyldbakk fortel om trollkrem og varme drømmar i utdrag frå «Ei haustferd på Nordmøre».
 

Elles vil lesaren finne ut kva som skjedde på Sjursfløgda for 200 år sia. Eller kven Astri Kalseth Szterenyi var. Korleis Jonas Settemsdal og Magnar Hansen prøvde å koma seg ut i krigen i 1940, korleis det vart orrfuglsteik på Aune, i Stakneset og Ora utan bruk av våpen – og korleis ein ber seg åt når ein skal «kalfatre».  
 

Kort sagt – «Gamle Nordmør» anno 2013 innheld noko for dei fleste. Boka er llustrert med 140 eldre og nyare foto.
 

Ho er å få i ymse butikkar – eller hos Bøfjorden Historielag.

 

Bernt G. Bøe

 

GmN e Bøfjord IL 1973 Ny bane_500x395.jpg

Johanna Holten mintest jula på Sæterbø i 1890-åra


GmN f Eline Lillegård_500x423.jpg

Unge Eline Lillegård feira 125-årsjubileum for Hjelmen Skytterlag


GmN g Olabil ERLING S_500x378.jpg

Sjåførveteranen Erling Sæthervik debuterte med olabil som 11-åring!