todalen skule

Gamle Todalen skule skal seljast

Kommunestyret i Surnadal har bestemt å leggje gamle Todalen skule ut for sal for minimum 200.000 kroner pluss salskostnader. Skulebygninga er frå rundt 1860, har to etasjar og inneheld i dag to husvære.

Brutto grunnflate er cirka 115 kvadratmeter. Dei siste åra har bygget vore plaga med vatn i kjellaren. Til eigedomen høyrer dobbel garasje oppført rundt 1990.

Det vil bli frådelt ei naturleg tomt for gamalskulen med tilhøyrande garasje, totalt cirka 700 kvadratmeter. Autorisert takstmann har verdivurdert eigedomen til 350.000 kroner. Blir selt som førevist.

Interesserte tek kontakt med Surnadal kommune, sørvistorget, telefon 7165 5800 eller e-post: post@surnadal.kommune.no.