Gammelruss
I desse maidagane er det mange som legg merke til glade russ. Vi kan i dag vise glade rindalingar og surndalingar som var russ for 50 år sidan, og framleis er glade!
På bildet ser vi frå venstre i første rekke Dordi Glærum Skuggevik, Berta Bergheim Aasen (no Stange), Kjellaug Foseide (da Snillfjord), Jorunn Halvorsen Haarstad (no Trondheim) og Peder Mogstad (no Bergen). Bak: Edgar Landsem, Nils Røv (no Trondheim) og Ole Trygve Foseide.
Orkdal Landsgymnas starta i 1923 på garden Follo i Orkdal. Seinare fekk det namnet Orkdal Offentlege Landsgymnas, så Orkdal Gymnas til det no heiter Orkdal Vidaregåande Skole.
Av bygningane som stod for 50 år sidan, står hovedbygget (E-bygget), gulbygget (D-bygget) og raudbygget (A-bygget), og sjølvsagt stabburet, sjølv om det har fått ny plassering.
Etter omvising på Follo, var resten av mimringa og jubileumsfeiringa lagt til Bårdshaug Herregård.
I tillegg til dei som er på bildet, var det 6 studentar til i dette kullet frå bygdene våre.
Alle jubilantane framfor Raudbygget, der mange hadde klasserommet sitt for 50 år sidan.
Bårdhaug Herregård er ein verdig plass for jubileum.