gaupe_rv_56129

Gaupe i boligfelt

Måndag kveld vart ei gaupe observert i boligfeltet på Flathaugen i Todalen. Thea og Alf Inge Ulvund kom litt overraskande på ei gaupe som spankulerte ved husveggen då dei kom heim i kveldinga. Dei kom på ATV, så gaupa vart naturleg nok redd og stakk til skogs igjen. Alf Inge meiner ut i frå det han såg at det var ei hann-gaupe av brukbar størrelse. Det skriv nettportalen www.todalen.no  
Foto: WWF Norge