Gaupejakt
Fylkesmannen i Møre og Romsdal melder at det kan fellast to gauper på Nordmøre når gaupejakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.
(Bilde: Skjermdump NRK)
Kvotevedtaket ser slik ut:
- Område med mål om yngling (gamle Aure, Halsa, Tingvoll, Rindal, Surnadal og den delen av Sunndal kommune som ligg nord for elva Driva) - 2 gauper (1 vaksa hogaupe)
- Resten av fylket - kvotefri jakt.
Gaupejakta byrjar 1. februar og varer til og med 31. mars, men vert stoppa tidlegare ved fylt kvote.