Picasa

Fasteaksjonen 2015

Gav til vatn

Konfirmantane i Rindal og Surnadal med hjelparar gjennomførte tirsdag ettermiddag den årlege Fasteaksjonen, ein innsamlingsaksjon til Kirkens Nødhjelp. Resultatet for Rindal er klart, og rykta fortel om stor gjevarglede i Surnadal også.

Ja de penga-001_690x377.jpg

I Rindal viste oppteljinga onsdag 37 909 kroner, mesta 3 500 kroner meir enn i fjor!  Saman med resultatet fra Surnadalssokna så vart det samla inn 142 420 kroner, som er ny rekord!

Les meir om kva pengane skal gå til i denne omtalen av Fasteaksjonen!

Ole Martin Glåmen_690x518.jpg
Er ein skada og ikkje kan gå med bøsser, så kan ein steike bakels! Ole Martin Glåmen tok dagens vaffeldag på forskott og gav alt framfor bakelsjarnet!

Guri Glåmen, Marina Reitan og Mia Bakken_690x460.jpg

Etter kvart strømma innsamlarane inn med tunge bøsser! Over ser vi Guri Glåmen, Marina Reitan og Mia Bakken, og under Ida Halgunset og Gjertrud Moen med bøssene sine, klare til å kose seg med varme bakels.

Ida Halgunset og Gjertrud Moen_690x460.jpg

 Foto: Kjellaug Foseide