Julekort_2_forside

Gavmildt kommunestyre

Da kommunestyret i Surnadal opna møtet etter lunsjpausen i dag, var første sak støtte til Aleppo. Margrethe Svinvik fremma eit fellesforslag frå kommunestyregruppene om å gje 10 000 kr til "Leger uten grenser"  som hjelp til dei som no flyktar frå Aleppo i Syria. No følger Talgøtilsette opp!

Forslaget vart samrøystes vedteke, og det vart i tillegg lagt ut ei liste der kommunestyremedlemmene kunne skrive seg på for å gje møtegodtgjersla si til det same! Heile kommunestyret skreiv under på denne lista, noko som auka summen til 35 000 kr!

Vi tolkar kommunestyret sitt vedtak som ei oppmoding til oss alle om å gjere noko liknande i desse julegåvetider!

Dei skriv til Trollheimsporten: I Talgø har ansatte avstått fra firmajulegave og kr 10.000 blir i stedet gitt til Redd Barna sin Syria-konto til hjelpearbeid for de krigsrammede barna i Aleppo. Et lite bidrag til en stor katastrofe! 

Toppbildet er henta frå nettsidene til Leger uten grenser.