Geiteramsblomstring
No kan vi sjå geiteramsen i full blomstring rundt ekrer og i vegkantar. Vakker er han, men han er ein av desse plantane som brer seg, om ikkje med lynets hastigheit, så iallfall uhyggeleg fort.
Kjært barn har som kjent mange namn. Kor kjær geiteramsen er, kan vel diskuterast, men mange namn har han. Den som følgde med på dialektsida til Trollheimsporten i vinter, hugser kanskje at geiteramsen har vore kalla løåblinn her i Rindal. Dette namnet skal han ha fått på grunn av at frøhåra til planten gjerne la seg i augene og "blinda" folk når ein dreiv og lempa høyet inn i høyløene.
I Orkdal har geiteramsen vore kalla liublenn og i Sunndal og Surnadal lublend. Ola Setrom på Oppdal har beskrive ein raudhåra person slik: "Håret hans lyste som lublenden i gråorda ein augustdag"
Andre plassar i landet har geiteramsen fått namn som geitemjølk, grisegras, mjølkegras og eldmerkje. Det siste på grunn av at han var den første planten som dukka opp etter skogbrann.
På latin heiter geiteramsen Epilobium Angustifolium

.png)

