
Gir seg som trenar
Ingebrigt Gjerstad gir seg som trenar for Surnadal sitt A-lag i fotball. - Dette er ein enten-eller-jobb. Enten er du med 100 prosent, eller så er du ikkje med, seier Gjerstad til Tidens Krav som ei forklaring på kvifor han ikkje ønskjer å fortsetje som trenar for tredjedivisjonsklubben.

Fotballgruppa i Surnadal IL arbeider no for å finne ny trenar, og det kan vere snakk om ei intern løysing. Både Kjetil Rønning og Webjørn Holten er namn som blir nemnt, ifølgje Tidens Krav.

.png)

