
"Give med 5" igjen!
Det blir konsert med 5.klassingar frå heile Surnadal kommune i Storstuå også i år. Denne gongen slår "Give me five" seg saman med Møremusikarane og inviterer til storkonsert. Dette skjer onsdag 13. mars kl. 19.00. Til saman 55 femteklassingar frå Surnadal skal på scenen for å synge i lag. Som sagt deltek også Møremusikarane på konserten, og mellom desse finn vi lokale stjerner som Jo Inge Nes og Øystein Sandbukt. Billettane kostar berre kr. 150,- for vaksne og 50,- for barn, så her er det ingen grunn til å bli sitjande heime....
Glimt frå "Give me 5" 2012. Foto: Mari Vattøy