tp_leserinnlegg_valg2019

Gjer det enklare for folk

"At vi fekk beholde passkontoret i Surnadal er bra, men kanskje like viktig er det å få ta reisevaksiner i eigen kommune.", skriv Odd Arild Sande (Surnadal Ap) i dette lesarinnlegget.

Eg har fått tatt reisevaksiner på helsestasjonen i Surnadal sidan 90-talet, da eg første gong reiste utanom Europa – eg har fått god informasjon, og det har vore lettvint og enkelt. Overraskelsen og skuffelsen vart derfor stor i fjor vår da seks i reisefølget vårt skulle bestille vaksinering på helsestasjonen i Surnadal, og fekk til svar: «Nei det har vi slutta med».

På kommunen si heimeside står det i dag: «Reisevaksinering blir avviklet fra 2019. Ny info kommer». Kommunen anbefaler som eksempel eit reisevaksinasjonskontor i Trondheim.

Kva betyr dette?

  • Eit tilbod som skal vere sjølfinansiert, som vi har hatt og som har fungert godt, blir lagt ned
  • Sentralisering, tilbud blir lagt ned lokalt og sentralisert til eks. Trondheim
  • Vaksinering, påfyll og revaksinering betyr at ein må til vaksinasjonskontoret tre gonger
  • For den dette gjeld, betyr det at ein må ta fri frå arbeid/skule tre dagar for å vaksinere seg
  • For den enkelte betyr det tapt arbeidsinntekt/problem med fritak frå skulen
  • Reising betyr kostnad for den enkelte – og miljøet
  • Eit tap for arbeidsgivar når tilsette må ta seg fri for å vaksinere seg

Dette er kanskje ikkje ei sak for dei store massane, men svært trøblete og dyrt for dei det gjeld. Her snakkar vi om å gjere det enkelt og rimeleg for innbyggjarane.

Kommunen skal ta seg betalt for det tenestene kostar, her bestemmer politikarane prisen i budsjettmøtet i desember. Kommunen må tenkje offensivt og m.a. tilby og selge denne tenesten til innbyggjarane i Rindal – dei har ikkje denne tenesten. Spesielt enkelt blir det å ta vaksinene for ungdommar frå Rindal som går vidaregåande skule i Surnadal. Kommunen kan og selge tenester til elevar som går på Nordmøre Folkehøgskule – eit godt tilbod som gjer at dei slepp å reise til heimkommunen sin eller til Trondheim for å vaksinere seg. Dette skuleåret har elevane på NoFo tilbod om å reise både til Costa Rica og Thailand – noko som krev reisevaksiner.

Forleden dag møtte eg ein far som hadde fått beskjed om at han måtte ta med sine to barn til Trondheim for å ta reisevaksiner. Han var fortvila over at kommunen ikkje kan tilby denne tenesten.

Surnadal kommune skal ha gode tenester for innbyggjarane sine og gjennom sine tenester bidra til å gjere kvardagen betre og enklare for folk. Ved å gi denne tenesta kan ein tilføre 20-30%  helsesjukepleiar til helsestasjonen, betalt av dei som skal ta reisevaksinene. Vinnarane er «pasienten», kommunen og miljøet, taparen er den private helseklinikken som mister pasientar.

I ein valgkamp har politikarar lett for å gi garantiar som kostar pengar for kommunen, og garantien kan bli trekt når kvardagen melder seg, men eg kan gi denne «garantien» fordi den er ei vinnarsak for alle – Godt Valg!

 

Nordvik, 2. september 2019

Odd Arild Sande

Listekandidat for Surnadal Arbeiderparti