Ingress - Maia, Tobias, Emilia, Mathias, Cecilie, Hendrik

Gjestfri familie på Kjergroneset

Surnadal er ein populær feriestad for tyske turistar. Mange kjem hit med bobil eller campingvogn og bur på campingplassane i bygda, medan nokre familiar har kjøpt seg hytte. Familien Ruff frå Munchen har funne sitt ferieparadis på Kjergroneset. 

Ingressfoto: Maia, Tobias, Emilia, Mathias, Cecilie og Hendrik Ruff.

I ungdommen vart eg og venene mine kjent med to gutar frå Munchen som kvar sommar var i Surnadal med familien sin. Vi var mektig imponert over desse gutane, hugsar eg, fordi dei kunne så godt norsk, og til og med snakka ganske bra surndaling.

Er dei på hytta på Kjergroneset enno, lurte eg på, og tok kontakt med dei gjennom Facebook, og det var dei, og eg vart invitert på frukost.
 

Frå campingturistar til hytteeigarar

På hytta møter eg Mathias og Tobias Ruff, som er der med ungane og foreldra sine. Foreldra, Willi og Ingeborg Ruff, fortel om korleis dei enda opp i Surnadal.

– I 1981 reiste vi rundt i Noreg i bubil. Vi campa i Drivdalen i Sunndalen, men der var det så dårleg ver at vi reiste vidare til Surnadal. I Surnadal var veret veldig bra, så da tenkte vi at her er det sikkert alltid godt vêr, så her finn vi oss ein fast campingplass, ler Willi.

Til tross for at vêret viste seg å ikkje berre vera stabilt treivst dei så godt i Surnadal at dei kom att igjen år etter år.

Her fekk dei mange vener, som dei enno har kontakt med.

Dagane vart bruka til laksefiske for Willi sin del, medan Ingeborg plukka bær og sopp og var sosial med dei andre kvinnfolka på campingplassen. Gutane spela fotball og leika seg.

– Så da var det berre å lære seg norsk. Eg sat og strikka i lag med dei andre på campingplassen og lærte meg norsk på same tid, fortel Ingeborg.

Familien er glad i natur og for mykje på turar rundt om i Surnadal, dei fortel at dei fyrst fekk augo opp for Kjergroneset ein dag dei var der på piknik.

– Vi drøymde om å få oss ei hytte her, men trudde det var håplaust. Det var vanskeleg for utlendingar å kjøpe seg hytte i Noreg den gongen, i tillegg var det ingen ledige hytter å få kjøpt.

Likevel ordna det seg, i 1992 fekk dei ein telefon frå ein ven i Surnadal, som sa han hadde ordna med hytte til dei.

Lykka var stor, sidan det på grunn av miljøvernomsyn nesten er umogleg å få bygge seg hytte i Tyskland. I tillegg hadde dei vorte veldig glade i Noreg og Surnadal, så det å få kjøpe seg hytte i Surnadal var perfekt for familien.

Familiebilde.JPG
Familien Ruff inviterte til frukost.


Se og Hør og Villmarksliv

Familien var fast bestemt på å lære seg godt norsk. Far Willi tok med seg Mathias som åtteåring på norskkurs heime i München. I tillegg fekk dei dungar av norske blad av norske vener dei hadde i Tyskland.

– Ja, du kan seie at eg har lært meg norsk av å lese Se og Hør, ler Ingeborg.

Eg seier at dei nok må ha godt språkøyre av å lære seg norsk, og ikkje minst surndaling, berre ved å ha vore her i feriane, men det er dei slettes ikkje einig i.

– Men du kan godt skrive det likevel, ler dei.

Norsken og ikkje minst dialekta er ikkje så god som ho ein gong var, men dialektord som «ikkje» og «e» ligg enno og lagar eit språk som ikkje riktig er bokmål.

– Eg studerte på Ås og da leste og snakka eg berre bokmål, så dialekten er ikkje som før, seier Mathias.


Fjell, elv og sjø

Brørne er her så ofte som dei kan, av og til åleine med familiane sine og nokre gonger saman med foreldre og søsken. Akkurat no er konene deira og veslesyster Anne heime i München og jobbar.

– Vi elskar roa vi får her på hytta. Vi bur i storbyen München, så det er godt å komme på Kjergroneset og få slappe av og puste inn den gode lufta. Surnadal er eit utruleg godt utgangspunkt for interessene våre. Vi er veldig glade i å jakte og vera på fjellet. Vi har vore med Eivind Wiig og jaktlaget hans på hjort- og elgjakt, fortel dei.

– Vi er også glade i å fiske, både i elv og sjø. Bærplukking blir det også mykje av. Barna får ei ro over seg og treng ikkje noko program for dagen, dei leiker seg i skogen og kosar seg.

hendrik og hunden jago.JPG
Hendrik og hunden Jago på fisketur.


Norske vener

Familien har oppover åra fått seg mange norske vener.

– Vi har vore på besøk til mange nordmenn vi har vorte kjent med, og dei har vore på besøk med oss i Tyskland. Vi er ikkje så opptatte av pengar, vi har andre verdiar, fortel Ingeborg.

– Med oss er det alltid ope hus og alle er velkomne.

Den utsegna kan eg skrive under på etter ein herleg føremiddag med ein triveleg og gjestfri gjeng.

willi og ingeborg.JPG
Willi og Ingeborg Ruff bur i München, men har hatt hytte på Kjergroneset sidan 1992.

cecilie og jago.JPG
Jago og Cecilie.

Maia, Tobias, Emilia, Mathias, Cecilie, Hendrik (2).JPG
Mathias og Tobias Ruff og familiane deira stortrivest på ferie i Surnadal.