Gjetarstein
Oppi Løfaldfjella, nærare bestemt austpå Slågda, finn du denne gjetarsteinen med mange gamle namnetrekk. Rart å tenkje på at for over hundre år sidan satt det gjetargutar her og ripa inn namna sine på denne steinen.
Eit minne frå ei svunnen tid.
Denne steinen var truleg kvilestad for unge gjetargutar.
Ikkje så godt å sjå på avtand,
men når du kjem nærare innpå, ser du tydeleg bokstavar og årstal
1880
Her står det tydeleg Ole Tiset
Og her: Skal det vere Ole Lilletiset?
GT eller GF? Årstalet er iallfall 1918
Kan hende var denne gjetarsteinen treffstad for gjetarar frå ulike gardar. Ikkje vanskeleg
å tenkje seg at tida vart lang mange ein gong. Kanskje satt dei her og spikka seljefløyter
medan buskapen beita rundt omkring?
Foto: Anne S.

.png)

