Gøril Bakken, Willy Karlstrøm_250x351

Glad vinnar av Trollheimsporten-jakke

Gøril Bakken vart for kort tid sidan trekt ut som vinnar av den eksklusive Trollheimsporten-jakken som vi trekte ut blant våre tilhengarar på Facebook da vi passerte 1000 medlemmer. No har Gøril fått overrekt jakken av redaktør Willy Karlstrøm, som også har t-skjorter å sende ut til andre Porten-tilhengarar!

Stadig fleire les Trollheimsporten på nett og stadig fleire følgjer oss på Facebook. For å vise at vi set pris på våre mange brukarar, varsla Trollheimsporten i byrjinga av mars at vi ville gi bort ein eksklusiv jakke og to t-skjorter - trekt ut blant våre tilhengarar på Facebook.

Responsen var overveldande og vinnar av den eksklusive jakken vart altså Gøril Bakken frå Rindal.

Jakken er av merket New Wave og er laga av nylon og polyester. Den er svart, med brun foring innvendig, har høg krage, mange innvendige lommer, Trollheimsporten-logo på ryggen og er ein solid jakke som passar godt både for vinter- og sommarbruk.

Vinnarar av t-skjorter vart Einar Marius Lillegård, Trondheim og Gro Kåsmoli, Moss. Vi gratulerer vinnarane og takkar alle som støttar opp om Trollheimsporten, den stadig meir populære internettportalen for Rindal og Surnadal!

Trollheimsporten har no 1041 medlemmer på Facebook.