mariel hovde[1]_550x578

Glade vinnarar av påskequizen

Mariel Dønheim Hovde (bildet), Kristoffer Nordvik og Bjørnar Moen vart av rektor Anders Talgø trekt ut som vinnarar av skolebibliotekets påskequiz på Surnadal vidaregåande skole. Vinnarane fekk eit påskeegg med mykje godt innhald.

Det kom inn i underkant av 80 riktige svar i konkurransen, men kun tre elevar fekk premie. Mariel Dønheim Hovde (1ST2) frå Valsøyfjord, Kristoffer Nordvik frå Todalen og Bjørnar Moen frå øvre Surnadal (begge i 2AU1) satte stor pris på premien. Gutane hadde samarbeidet om quizen, og måtte dele påskeegget. - Vi gratulerer vinnarane, og ønskjer alle våre elevar og tilsette ei riktig god påske! Det skriv Surnadal vidaregåande skole på sin heimeside.

Her er fasiten:
Påskeøya ligg i Stillehavet.
Første skoledag etter påskeferien er tysdag 10.april.
Hogne Humberset er avdelingsleiar på yrkesfag.
Langfredag er 6.april.
I tillegg skulle elevane nemne tre titlar på DVDar vi har i biblioteket.

Surnadal vidaregåande skole er medlem av Trollheimsporten. Bli medlem du og! Sjå meir informasjon om medlemskap, og ei oversikt over alle våre medlemmar her.