
Glade vinnarar av påskequizen
Christina Børset Steen (bildet) og Olai Holten Solem vart av rektor Anders Talgø trekt ut som vinnarar av skolebibliotekets påskequiz på Surnadal vidaregåande skole. Vinnarane fekk eit påskeegg med mykje godt innhald.
Det kom inn i underkant av 70 riktige svar i konkurransen. Vinnarane fekk kvart sitt påskeegg med mykje godt innhald. Christina Børset Steen (3ST1) og Olai Holten Solem (2BY1) satte stor pris på premien!
- Vi gratulerer vinnarane, og ønskjer alle våre elevar og tilsette ei riktig god påske. Det skriv Surnadal vidaregåande skole på heimsida si.
Her er fasiten:
• Påskeøya ligg i Stillehavet.
• Første skoledag etter påskeferien er tysdag 2.april.
• Vaktmeistrane heiter Arnt Magne Røøyen og Lars Peder Solli.
• Russepresidenten heiter Christina Børset Steen.
• I tillegg skulle elevane nemne tre titlar på vekeblad/magasin vi har i skolebiblioteket.
![]() |
![]() |