Gladkveld i Torshall
Skoffkak og song var tittelen på allsongkvelden i Torshall med songkoret Tormod og Trond Larsens kvartett torsdag kveld. Kaffepausen openbarte det utvida skoffkakbegrepet.
Songkoret Tormod hadde ei avdeling før pausen og ei etterpå. Dei hadde eit variert repertoar frå religiøs russisk korsong og By/Sommerros Blå salme til engelsk shanty og norsk bruramarsj med friske og varierte hamoniseringar.
Dei song både a capella og akkompagnert av dirigent Elisabeth Gjørsvik på piano. Dei toppa/avslutta med ein spenstig Sommerro-harmonisering av Vårsøg.
- Beste eg har hørt på lenge, hørte eg frå ein publikummar under applausen.
Dette var siste konserten med Elisabeth Gjørsvik som dirigent. Ho dreg tilbake til Kristiansund, så no manglar Tormod dirigent.
- Berre ta kontakt, seier styreleiar Per Ivar Østbø.
Det er rundt 50 år sidan Trond Larsens spela til dans i Torshall. Sjølv med ein ungdom på 70 år på laget, passerer den samla alderen deira 300 år!
Alderen la ingen dempar på musikken. Dei spela både vals og tango, men – som dei sa « – de e lekså vals oss e best på.»
Dei akkompagnerte også ei rekke allsongar der Tormod nok hadde æra for den fyldige songen
Så var det dans etterpå!
Trond Larsens kvartett:
Trond Larsen: bass, vokal
Erik Moen: gitar, vokal
Johs Holten, trekkspell
Bjarte With Aasgård: trekkspel
Det utvida skoffkakbegrepet!