Foto- Anita Land-2280_690x460

God basardag for Stangvik Grendalag

Grendalaget i Stangvika vart nesten 85.000 kroner rikare laurdag. Vel 37.000 kom inn på basaren, der Stangvikfestivalen overraska grendalaget med ei gåve på nesten 48.000 kroner.

Tekst og foto: Anita Land

Basaren i Bondehuset baud på tombola, med masse flotte, heimelaga premiar, og eit basarbord som frista mange. Spesielt ein radiostyrt bil vart populær. Mange håpefulle tok lodd på den, og det var Johannes Andersen som stakk av med bilen. Festivalgeneral Anne Nes hadde òg flaksen på si side, og fekkhovedgevisten: varer for tusen kroner frå Joker på Kvanne.

 

Treffsikre søstre

Ymse konkurransar hører med i Bondehuset, nemleg ballkasting, pilkasting og luftgeværskyting. I kvinneklassen var søstrene Haugen suverene med luftgeværet. Kjersti Haugen vann til slutt, og mangla berre eitt poeng på fullt hus.

 - Vi treng treffsikre jegerar i Stangvika, sa jaktlagsleiar Bergsvein Brøske, og oppfordra søstrene til å delta i jakta då han delte ut førstepremien for luftgeværskyinga. I jenteklassen vann Oda Bæverfjord, i guteklassen Erik Andersen og Anton Georg Nes var den  mest treffsikre herren.

 

Basar er kultur

Basarkulturen i Stangvika gjeld ikkje berre loddkjøp og konkurransar, men også heimelaga kaker og annan god mat. Brødskive med eggesalat er eit høgdepunkt. Kakene og eit stort fruktfat gjekk òg unna, og tradisjon tru var all mat gratis. Mykje god mat, mykje god prat og mange ungar i godt humør. Det er  basar på sitt beste. Nokon vann, nokon vann ikkje, men slik er livet - og slik er basaren.

 

Trekningsliste

Trekningsliste Basar Stangvik 2014

Arrangør: Stangvik Grendalag

Takk til alle som støtta oss

Leo. B Dorsin

Gevinst nr 23

Anders Nordvik

Gevinst nr 29

Nerøya, Stangberg

Gevinst nr 14

Margrethe Mogstad

Gevinst nr  5

Beret Brøske

Gevinst nr 28

Mali og Kåre Nordvik

Gevinst nr 24

Tone Haugen

Gevinst nr 27

Lerbrua

Gevinst nr 11

Einar Nes

Gevinst nr 7

Even, Olav og Pippi Gjeldnes

Gevinst nr 10

Dag Arne Nordvik

Gevinst nr 6

Svein Iversen

Gevinst nr 15

Kari Torslett

Gevinst nr 20

Anita Land

Gevinst nr 25

Ingeborg Brøske

Gevinst nr 8

Håkon Vang Aas

Gevinst nr 16

Sigrid Nærvik Grønnes

Gevinst nr 22

Liv Grethe Stenberg

Gevinst nr  9

Kai Arnt Bjerknesli

Gevinst nr 17

Mari Gjul

Gevinst nr  4

Tone Haugen Nordvik

Gevinst nr 13

Siri og Elise

Gevinst nr  3

Margot Haugen

Gevinst nr 19

Lars Torslett

Gevinst nr 26

Ingeborg S Polden

Gevinst nr 18

Anne Kristin Bævre

Gevinst nr 1

Svein Iversen

Gevinst nr 12

Fredrik Røen

Gevinst nr 21

Johanne Andersen

Gevinst nr 2

 

Foto- Anita Land-2242_690x460.jpg
Mange ivrige ungdommar deltok som loddseljarar på basarbordet. Foto- Anita Land

Foto- Anita Land-2247_690x460.jpg
Den som var heldig vann julenissar før jul. Foto- Anita Land

Foto- Anita Land-2249_690x460.jpg
Tombola med mykje heimelaga premier. Foto- Anita Land

Foto- Anita Land-2250_690x460.jpg

Foto- Anita Land-2251_690x460.jpg

Foto- Anita Land-2252_690x460.jpg

Foto- Anita Land-2255_690x460.jpg
Åresal er tradisjon. Her gjeld det å følgje med på om ditt nummer vart lest opp. Foto- Anita Land

Foto- Anita Land-2261_690x460.jpg
Gratis og god mat på basar er tradisjon i Stangvik Grendalag. Foto- Anita Land

Foto- Anita Land-2271_690x460.jpg
Leiar i Stangvikfestivalen, Lars Inge Kvande, overrekte 47.301 kroner i overskot frå årets festival til kasserar i grendalaget, Bergsvein Brøske. Foto- Anita Land

Foto- Anita Land-2273_690x460.jpg
Oda Bæverfjord vann luftgeværskytinga for jenter. Foto- Anita Land

Foto- Anita Land-2267_690x460.jpg
Det vert ikkje basar utan oppvask. Monica Nes tek eit tak på kjøkkenet. Foto- Anita Land

Foto- Anita Land-2280_690x460.jpg
Johanne Andersen hadde vinnerloddet på den radiostyrte bilen. Foto- Anita Land