
God dag, mann! Økseskaft!
Ordførarane ofrar ikkje eitt ord på kva konsekvensar dei ulike alternativa vil ha for utviklinga i regionen og rundt fjorden. Miljø-aspektet og t.d. konsekvensane for Todalen og Toåa har aldri vore særleg oppe, og er det heller ikkje no. Til og med dei påviseleg langt høgare livsløpskostnadane til langtunnelen er tydelegvis ikkje-tema! Det skriv Trond Skogseth i dette lesarinnlegget - sjekk fleire leserinnlegg på Trollheimsporten:
Ein kunne håpe at ordførarane våre hadde brukt ein lang periode med eigen tausheit rundt Todalsfjordprosjektet til å gå i seg sjølv og sjå saka i nytt lys i det nye året. Uttalelsane dei siste dagane, seinast i Driva måndag 16.1, er skuffande i så måte. Bortsett frå opplysninga om at det planlagte møtet med fylket og SVV i neste veke ikkje blir i Molde, men i Kristiansund, så kjem det lite eller ikkje noko nytt frå surnadalsordførar Otnes, som i Driva òg verkar å føre ordet på vegne av sunndalskollega Refstie. God dag mann økseskaft-strategien står fast.
For medan mange har fått øyrene opp for alle dei viktige momenta som klart viser at Trollheimstunnelen er ei feilslått løysing for Todalsfjordprosjektet, så er Driva-artikkelen eit nytt teikn på at ordførarane våre i denne saka «høyrer» dårleg og held seg til dei svara dei fastla for lang tid sidan, utan å høyre på spørsmåla vi har. Dei synast verkeleg innstilte på å la denne viktige regionale samferdsels- og utviklingssaka avgjerast kùn på bakgrunn av eit grovt kostnadsoverslag frå SVV, som har ei usikkerheit på +/- 40 prosent! Dei tillet seg òg å gjenta bekymringa for å bruke tid på brualternativet, utan å reflektere over at dette kunne vore ferdig utgreia no, viss politikarane hadde tatt signala og aksjonert da debatten kom opp for over to år sidan.
Ordførarane ofrar ikkje eitt ord på kva konsekvensar dei ulike alternativa vil ha for utviklinga i regionen og rundt fjorden. Miljø-aspektet og t.d. konsekvensane for Todalen og Toåa har aldri vore særleg oppe, og er det heller ikkje no. Til og med dei påviseleg langt høgare livsløpskostnadane til langtunnelen er tydelegvis ikkje-tema!
Eg har tidlegare uttrykt små forhåpningar til at kommuneleiinga vil nytte møtet i neste veke til noko anna enn ei fortifisering av inntekne posisjonar. Skepsisen blir berre auka når no alt tyder på at ordførarane våre vil møte opp med gårsdagens tankegods i bagasjen og bakhovudet. Hadde kommunetoppane hatt ønskje om å opne opp debatten og tenke nytt, hadde dei nok t.d. ikkje avslått brugruppa sitt ønskje om å delta på møtet.
Det ser ut som om vi no må sette vår lit til at storebror Kristiansund følgjer opp tidlegare utsegner og hjelper oss med å sjå dei store konsekvensane denne saka har, for heile Nordmøre òg tom. aksen Kristiansund – Trondheim, og at den difor fortener ei grundigare og meir heilheitleg handtering i regionen. Og kanskje kan vi håpe på at politikarane snart tek inn over seg det stadig aukande talet nordmøringar som seier nei til den lange, unødvendige og permanente omvegen Trollheimstunnelen eventuelt vil bli (er du ikkje blant dei over 2300, skriv deg på lista her!
Trond Skogseth