kirkens nødhjelp bøsser

God KN-innsamling i Surnadal

Konfirmantane i Surnadal samla inn over 96.000 kroner under tysdagens fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Ungdommane med bøsser vart godt mottekne rundt i heimane, blir det rapportert. Sokneråda organiserte innsamlinga. Konfirmantforeldre og andre støtta opp som sjåførar og på anna vis.


Her er resultata for dei fem sokna i Surnadal kommune:

Øye/Ranes                        48.470,-

Åsskard                                14.182,-

Stangvik                               13.795,-

Mo                                         10.224,-

Todalen                                  9.738,-

 

Totalt 96.409 kr. I tillegg kjem takkoffer som blir gjeve i kyrkjene no i fastetida.

 

Tekst: Bernt Bøe

Illustrasjonsfoto