Nisjebutikkens dag:
Gode brød og fargerike gaver
I Rindal vart Nisjebutikkens dag markert på Dalalåven Atelier med Inga Dalsegg i spissen i lag med Martin Trønsdal frå Gardsbakeriet Hæmstelt og Anne Dalsegg med kule strikkevarer.
Alt ved opningstid var det folk innom nisjebutikken på Dalalåven Atelier i Rindal for å sikre seg ferske bakervarer til sportssendingane i dag. Seinare kom det folk heilt frå Aure for å handle gaver dagen etter Black Friday.
Gaver som blir kjøpt på Dalalåven Atelier bli pakka inn i papir med bomber!

I julekjolen viser Inga Dalsegg desemberbildet i kalenderen for 2020, og rundt henne er det bilder og lys til gode stunder i mørketida.

Du kan også varme nokon med kule strikkasokkar frå Anne Dalsegg.
Inga Dalsegg håper at fleire både i Rindal og Surnadal vil markere seg på Nisjebutikkenes dag neste år.
På Dalalåven Atelier er det ope til kl. 16.00 denne laurdagen.

Les det Trollheimsporten skreiv om Nisjebutikkens dag tidlegare!

.png)

