Bergsvein Brøske, Karstein Telstad, Marvid Nilsen_350x232

...og Henning Sommerro er konferansier under Plekterfesten

Gode, gamle band gjer comeback

Første helga i september blir ein gedigen musikalsk mimrefest på Vårsøg Hotell og kulturhuset i Surnadal. Ildsjel og musikar Marvid Nilsen (t.h.) har i lang tid jobba med detaljane for Plekterfesten, og i dag kunne han saman med kulturhusleiar Karstein Telstad og hotelldirektør Bergsvein Brøske presentere programmet for mimrehelga. Orpheus frå Surnadal og Kort Varsel og Head of Bright frå Sunndal er blant gruppene som gjer comeback, medan Henning Sommerro skal vere konferansier.

Mange midtnorske band frå 60-, 70- og 80-talet gjer comeback under den store konserthelga 2. og 3. september. Både fredag og laurdag kveld under Plekterfesten 2011 blir det arrangert dans/show i Den Glade Laks på hotellet. Fredag har dansen fått tittelen «Friday Top Ten», og laurdag er det «Twist And Shout». Laurdag ettermiddag blir det også «Top Of The Pops»-konsert i Storstuå.

Følgande grupper skal i aksjon i "Gla'laksen" fredag:

Action frå Kyrksæterøra, som opprinneleg heldt det gåande frå 1968 til 1974, og som seinare har hatt diverse gjenforeiningsopptredenar.

Kort Varsel (seinare Nabovarsel), populært Sunndal-band på 80-talet.

Oldtimers frå Rindal, som har spela saman sidan 80-talet og framleis er aktive.

Tony & The Young Once, beståande av nokre av dei mest rutinerte musikarane i Kristiansund.

Laurdag kveld spelar desse i Den Glade Laks:

Asterix frå Kristiansund.

Head of Bright frå Sunndal.

Orpheus frå Surnadal.

Bilde nr. 2 viser Orpheus i 1976: Lars Fiske (orgel), Helge Nilsen (trommer), Per Olav Bredesen (bass, vokal), Steinar Drage (piano, vokal) og Ole Magne Ansnes (gitar, vokal). Under Plekterfesten blir også Jostein Dønnem med.

Kåre & The Hitmakers frå Orkdal/Meldal.

Ghost Gang frå Oppdal.

Ghost Gang, Kåre & The Hitmakers, Orpheus og Asterix skal også spele på konserten i Storstuå laurdag ettermiddag, der Henning Sommerro stiller som konferansier.

Bilde nr. 3 viser Head of Bright i 1966. Harry Kvande (gitar), Per Martin Fandrem (bass,sang), Terje Hansen (trommer, sang), Randolf Reitan (sang) og Marvid Nilsen (gitar, sang). Foto: Magne Mulvik.  

Les meir om dei deltakande banda på Plekterfesten.no. Der kan du også lese om andre midtnorske orkester frå 50- talet og fram til i dag samt sjå bilder og høyre lydopptak.  

I Foajèen og Finstuå på Surnadal Kulturhus vil det under Plekterfesten 2011 også bli stor utstilling av plakatar, bilder og andre effektar frå musikkmiljøet heile denne helga. Arrangørane håpar dessutan at nokon har ein orkesterbuss, gjerne frå 70-talet, som kan stillast ut utanfor kulturhuset.

- Det blir laga DVD frå Plekterfesten, som folk kan kjøpe som eit minne frå denne kulturhelga, fortel Marvid Nilsen, som også sto bak Plekterfesten 2007 i den gamle kraftstasjonen på Enge. Åtte Valsøyfjord-grupper frå 70- og 80-talet sørga da for kjempesuksess med 550 publikummar på plass.

Billettsalet til konserten i Storstuå under Plekterfesten 2011 er allereie i gang. Karstein Telstad minner om at salen berre tek 300 publikummarar, så den som vil sikre seg plass, bør vere kjapt ute med å bestille. Til showarrangementa i Den Glade Laks blir det billettsal i døra.

- Cirka halvparten av romma på hotellet er allereie booka. Så også her må den som er interessert i ei hotellhelg for å få med seg heile Plekterfesten 2011, ikkje vente for lenge. Det understrekar Marvid Nilsen, som under Plekterfesten sjølv skal i aksjon med Head of Bright, bandet han var med på å starte i 1966.