
Gode lokale prestasjonar
Det vart mange gode lokale plasseringar da KM klassisk/SBM Cup vart arrangert på Nordmarka i dag. Både Njaal Lundemo Aakvik, Kristoffer Berset og Martin Aakvik frå Surnadal i.l. vann klassane sine. Det gjorde også Hanne Fugelsøy og Aksel Norli frå Rindal i.l.. Kjetil Bolme frå Surnadal i.l. vann seniorklassen. Rennet var prega av stor lokal deltaking, og vart gjennomført under flotte forhold. Omkring 100 deltakarar frå åtte år til senior stilte til start i skirennet som var flytta til Surnadal på kort varsel.
Gjekk til seier for Surnadal i.l.: Frå venstre Njaal Lundemo Aakvik, Kristoffer Berset og Martin Aakvik. Alle foto: Norunn Holten
I tillegg til dei som nådde heilt til toppen av lista, var det også mange andre gode, lokale plasseringar. Sjå heile resultatlista frå rennet her!
Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!