Surnadal Taekwon-Do klubb:
Gode resultat på første dag i NM
Laurdag var 475 utøvarar, ca 70 dommarar, mange frivillige og mykje publikum samla til Norgesmesterskap/Landsmesterskap i Ekeberghallen. Det var god stemning, og det vart gode resultat og fleire medaljar Surnadal Taekwon-Do klubb.
Beste resultat på dag 1:
Christian Olsen svart belte 4.Dan. Bronse i mønster og gull i sparring Dan +85 kg
Sander Reiten sølv i sparring Dan +85kg
Una Langeland Gravvold rødt belte junior sølv i mønster
Sunniva S. Grimsmo sølv i sparring Dan -75kg og bronse i mønster
Innmarsj
Sunniva, Christian og Una etter mønster-konkurransane
Una klar for mønster-finale
Christian og Sander på pallen
Tekst og foto: Surnadal Taekwon-Do klubb