vårsøg hotell låg bru_350x263

Godkjenner for låg gangbru

Gangbrua mellom Vårsøg Hotell og Surnadal Kulturhus er for låg, men blir likevel godkjent av Vegvesenet. Den endelege løysinga blir, som tidlegare antyda, skilting som viser køyreforbod for køyretøy over 4,30 meter.

Som Trollheimsporten som første mediekanal kunne avsløre tidlegare i haust, vart "Vengespennet" - brua som bind saman hotellet og kulturhuset på Skei - lågare enn minimumshøgda på 4,70 meter som Vegvesenet hadde sett som krav. Dette gjeld på området ved busstoppet ved kulturhuset, og differansen er etter det Trollheimsporten kjenner til på 18 centimeter.

Statens vegvesen, entreprenør og arkitektar var på synfaring tidlegare i haust. No er svaret frå vegmyndigheitene kome, i form av eit brev fra Statens vegvesen til arkitekt og kommune, skriv tk.no.

Seksjonsleiar Kjetil Kjersem poengterar at vegvesenet har prøvd å vere i førekant med omsyn til både krav og tilrådingar, uten av dette har nådd heilt fram.

– Dette medfører at vi til slutt kjem i ein tvangssituasjon der vi må godkjenne resultatet i ettertid, skriv Kjersem.

I og med at gangbrua er komen på plass, og at det av praktiske årsaker er vanskeleg å gjere noko for å få rett høgd, meiner vegvesenet at det er best at sjølve vegen blir innsnevra på begge køyrefeltbreddene under gangbrua, ved at midtrabattene blir utvida, skriv Tidens Krav. Dermed blir det nok fri høgde inn mot midtsøyla.