
Godt i gang med "Jørgenkveld"-øvingane

Ti år etter Jørgen-kabareten i Surnadal, er lokale kulturkrefter på ny klare for å presentere eit rikhaldig utval av Jørgen Gravvold sine tekster.
- Jørgen var eit svært fint menneske, som eg var så heldig å bli godt kjent med i samband med kabareten i 2001. Jørgen skreiv med mykje humor, men hadde også mykje sorg i dikta sine, seier Svanhild Husby.
Ho mista sonen Lukas i krybbedød for nokre år sidan, og fann trøyst og styrke i musikk og Jørgen sin dikt. Delar av inntekta frå kulturkvelden 30. april vil gå til forsking på krybbedød i Norge, i tillegg til at ein viss prosent går til Jørgenfondet.

Saman med Svarrabærje Teaterlag og aktørar som Holger Skei, Kolbjørn Botten, Karstein Mauset, Johnse Sættem, Bernt Bøe og Linda Botten (t.h. på bilde nr. 2 saman med Svanhild Husby) lovar Husby ein Jørgenkveld med humor, alvor, song, dramatisering og både kjent stoff og tidlegare upubliserte tekster.
- Vi får med oss gjester med god relasjon til Jørgen, og som er flotte tolkarar av dikta og musikken hans. Truleg blir det også presentert nylaga musikk for anledninga, fortel Husby.
Billettar kan kjøpast på Surnadal Kulturhus.

.png)

