Godt skrive om Halsa-kyrkja

Med boka «Halsa kyrkje» har Einar Oterholm atter skaffa oss eit verdifullt - og samtidig lettlese - kulturdokument. Søndag kveld presenterte han sitt nyaste verk.

Godt skrive a Einar O Halsa krk.jpg
Einar Oterholm presenterte boka om Halsa-kyrkja søndag kveld.
 

På dei vel 50 sidene får vi grundig informasjon om generell kyrkjehistorie, innføring i praktiske og symbolske sider ved kunsten og interiøret, portrett av sentrale personar og overblikk over utviklinga av dette snart 300 år gamle gudshuset, som vart reist i 1724.
 

Interessante detaljar

Som alltid greier Oterholm å hente fram og formidle rik kunnskap om emnet sitt. Med høveleg avstand blir stoffet innleiingsvis prega av overblikk og syn for det vesentlege. Etter kvart zoomar han inn og gjer detaljar interessante.

Slik får lesaren for eksempel tolka både symbolikken i altartavla og detaljane i prestekleda. Innimellom fokuserer Oterholm på ting som få av oss visste eller tenkte på. Kvifor bruka dei i gammal tid ikkje talg, men voks i lysa på altaret? Og kvifor vart det frå 1805 slutt med gravlegge døde under kyrkjegolvet?

Godt skrive b Boka.jpg
Omslaget på boka er eit måleri av Olav Halse – som var organist i Halsa kyrkje heilt frå 1935 til 1976.
 

Passe inngåande

Boka fortel greitt og passe inngåande om arbeid på bygget opp gjennom åra, om utbetringar og endringar, om orgel, strøm og andre nyvinningar.

Sentrale personar i utviklinga er høveleg omtala, utan at prestane får dominerande plass. (Men eit par store kunstnarar kunne gjerne hatt nokre linjer til - den midtnorske akantusmeisteren Peder Knudsen "Bildsnider", som skar ut den unike altartavla, og kyrkjelydens nasjonalt kjende målar Ole Joensen Kolset, 1722-1789.)

Godt skrive c TAVLA Halsa 1725 PKBK 1732 EgMch.jpg
Peder Knudsen «Bildsnider» skar ut altartavla i 1725 - ei gåve frå presten Mathias Gram og kona Anna Sophia.
 

Blind-Ane skreiv salmetekst

På så få sider kan ein ikkje kreve perfekt djupdykk i alle liturgiske finesser, og presisjonen når det gjeld nattverd, nyaste salmebok (2013) og monogrammet PX kunne kanskje vore betre. Til gjengjeld hører vi om Blind-Ane Korsnes og dei vidunderlege salmeversa hennar i "Jeg har så lun en hytte" og om kyrkjefæringen hans Jon Kleivset!

Eg seier gjerne: Kjære kyrkjefolk - og alle andre - denne boka må de ha! De kjøper ho hos Halsa kommune, i bokhandelen eller på somme nærbutikkar. Og hos forfattar Einar Oterholm - som "har gjort det igjen"!

Godt skrive d Orgelet.jpg
Grosserar Dyre Halse gav første orgelet, til 200-årsjubileet i 1924. Marcussen-orgelet frå 1986 har den same vakre fasaden - i 1700-talsstil.

 

Tekst og foto: Bernt G Bøe