Gøril Bakken hovudstyremedlem i NAF

Gøril Bakken frå Rindal er vald inn som ei av 13 medlemmer i hovudstyret til Norges Automobilforbund (NAF). Ho representerer Avdeling Indre Nordmøre og har vore aktiv i NAF i mesta 20 år.

IMG_5095_690x580.jpg
Gøril Bakken har vore engasjert i trafikksikkerheit og trygg skoleveg heilt sidan ho var lærar. No er ho ledar for NAF avd. Indre Nordmøre og medlem av Hovedstyret i NAF. (Foto privat).

Trollheimsporten hadde denne artikkelen om den lokale innsatsen i fjor.

Gøril Bakken på Villa Vestheim 05072020.jpg

Gøril Bakken ved Villa Vestheim under Kulturvøkku 2020 i Rindal: - Vi serverte som vanleg ferske vaflar og informerte om bilferie i Norge og snakka varmt om NAF-boka Norges skjulte perler (nedafor) 

IMG_5097 (1)_690x920.jpg

Gøril Bakken NAF laksefestivalen13.jpg
Gøril på stand for NAF avd. Indre Nordmøre på Laksefestival i Surnadal.

Foto: NAF avd. Indre Nordmøre_690x374.jpg
Tillitsvalde i NAF avd. Indre Nordmøre, ei av dei 69 lokalavdelingane.

NAF har no rundt 480 000 medlemmer og disponerer over 500 veghjelpsbilar.

I 1928 kom den første Naf Veibok for Norge frå NAF, og den kjem no ut med ny utgave kvart tredje år. Den er gratis for medlemmene.

Reiseplanleggaren til NAF er også eit svært nyttig hjelpemiddel for oss som skal ut på biltur.

Det er 44 NAF-sentre over heile landet. Der får du utført ei rekke testar, og du får råd tilpassa behova dine. I tillegg til å utføre EU-kontroll, tilbyr NAF-sentra ei rekke testar som hjelper deg med eit trygt og økonomisk bilhald.

Næraste NAF-senter er Trondheim og Kristiansund.

NAF avd. Indre Nordmøre er medlem av Trollheimsporten.