Streng 2_400x602_cropped_391x365

Gøy med hesjestreng og blomstertråd!

"Inspirert av de gamle lofferne/taterne tar vi i bruk gamle teknikker og lager egne kreasjoner av hesjestreng og blomstertråd. Kurset gir en enkel innføring i teknikken og gir deg etter kurset mulighet til å sette i gang med egne uttrykk eller kopiere gamle taterarbeider!” Slik omtalar invitert kurshaldar Gunda Marie Næss innhaldet i kursdagen ved Åsen Bygdemuseum 16. februar.

 

I Norge kallar vi gjerne det for fantearbeid, i Sverige luffarsløjd, og i Frankrike heiter det fil de fer. Kort fortalt er det arbeid i tvunne ståltråd, som gjerne vart laga av omreisande for å bytte til seg mat, overnatting eller pengar.

Ved hjelp av ei god tang, enkle råmateriale og godt handlag kunne vakre bruksgjenstandar tryllast fram. Dei seinare åra har denne teknikken vorte eit populært innslag i interiørverda.

Gunda Marie Næss, utflytta surnadaling som no bur i Trondheim, arbeider med streng og ståltråd i denne tradisjonen - og gjerne med kreative innslag.

Bildene nedafor viser kva som vil verte arbeidd med på kurset.

Gunda Marie har bloggen http://gundam-gundam.blogspot.no - her kan du sjå mykje av produksjonen hennar, både når det gjeld taterarbeid og andre ting. Vi anbefalar deg å ta ein kikk - du blir garantert inspirert !

NB! Begrensa antal plassar - vær rask med påmeldinga !

Praktisk info: Kursstad: Åsen Bygdemuseum, Surnadal
Dato: 16. februar Tidspunkt: 10.00-16.00
Kurskostnad: 900,- for kurset + 300,- i materialer (streng, tråd, hanskar, malar, verkty)
Totalt: 1200,- Betal ved oppmøte.

Påmeldingsfrist: 11. februar

Påmelding/Spørsmål : Maja Frønes, Surnadal Museum tlf:91399452 eller e-post:maja@nordmore.museum.no

(Det må vere minimum 4 påmeldte for at kurset vert gjennomført).
Det kan vere lurt å ta med eit forkle om du vil beskytte kleda dine.

Kaffe og heimelaga lunsj er inkludert.

Velkomen til eit spennande kurs i stemningsfulle omgivelsar på Åsen Bygdemuseum !

 

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!

Streng 1
Streng 2
Streng 2_400x602
Streng 2_400x602_cropped_391x365
streng 3
streng 4
streng 5
streng 6
streng 8
streng 9
streng 10