Grå, men triveleg Tørsåslødag
Gråver og småregn la ein liten dempar på stemninga og oppmøtet på Tørsåsløa denne søndagen. Som ein av få gonger vart sportsandakten til Lene prest halde inne på Tørsåsløa.
Sidan veret ikkje var det beste, så var det plass til alle inne. Jan Sturla Jensvold leda songen med trekkspelet sitt, og delte både preludium og postludium med oss. Etterpå var det salg av kaffe og saft, bakels og skoffkak', og ute var det skileik. Nederst i artikkelen ser du bilde frå spretthoppinga!
Inne i Tørsåsløa var det god stemning med trekkspellmusikk, tilløp til allsong, og kortspell.
Martin, Milla og Edvard heldt seg til kortspel.
Sissel Bolme, Vilde Bolme og Marie Hønsvik styrte på kjøkkenet.
Sidan det ikkje var så mykje folk, så var det nok mat på kjøkkenet. Takka vere glimrende salgsinnsats av Vilde, vart det seld enda ein bakelsrunding!
- Du kan kjøp det som reisemat og ha det i handa, sa ho, da eg sa eg skulle heim og ete middag.
Mange hadde knapt tid til bakels, det skulle leikast og hoppast spretthopp!
Da er det viktig med sakkyndig publikum og dommarar! Nedafor får du stilstudier av spretthopparane, namna litt usikre!
Edvin
Scott
Even
Erik
Scott
Erik
Lasse Skjølsvold demonstrerte telemarknedslag.
Mikkel
Mikkel
Sidan det var lite snø, så vart tilløpet til spretthoppen omlagt med ein sving rundt ei bjørk ved øvste pilen. Innlagt C-moment? Nedste pilen viser hoppet.
Scott
Edvin
Erik
Even
Lasse i lufta
Even
Edvin
Erik
Mikkel
Alle hopparane kom trygge ned på jorda, sjølv om dei hadde luftige svev!
Tekst/foto: OleT