Grashoppe

Grashoppe med glimt i øyet

Siden det ser ut til at Trollheimsportens lesere engasjerer seg i småkryp og insekter, prøver dagens redaktør seg på å presentere dere for par nye. Hva med en siriss og ei grashoppe med glimt i øyet?

 

Denne grashoppa satt på en stein nedafor Litj-Joskaret søndag. Hva denne skapningen heter er mer enn hva jeg vet, men det vet sikkert noen av leserne. Jeg har aldri sett en så stor grashoppe før. Den må vel ha vært ca 3 cm lang.

De som har vært i syden har hørt denne evigvarende og ustoppelig insektssangen en opplever der, dag som natt. Det kan være stille noen små stunder, så starter en av dem opp igjen, og det svarer bortover i alle trær. Det er vel dette som er "sirissenes sang"?  Jeg prøvde å få øye på en av dem på Kreta i sommer. Det er ikke lett, for de er ganske godt kamuflert. "Sangen" skal de visstnok få fram ved å gni frambeina mot hverandre.

Har du kommentarer? redaktor@trollheimsporten.no tar i mot.

Sidan vi er inne i "Biomangfaldåret", har eg og ein kommentar til "Grashoppe med glimt i øyet". Den gjeld insektet på Kreta, som nok ikkje er ein siriss, men ein sikade. Det er vanleg å rekna sirissane og grashoppene i same gruppe: rettvengjer. Alt etter kva familie dei høyrer til, lagar dei lyden på ulikt vis. Det kan vera å stryka innsida av låret mot kanten av framvengjen, eller ved raske gnidingar av framvengjene der det ved rota er kitinribber som blir strokne mot kvarandre over ei hinne som gir resonans. Eg har ikkje noko godt framlegg til kva grashoppeart som er på biletet i "Trollheimsporten". Sikadane høyrer til i ordenen nebbmunnar. Hjå sikadane blir lyden laga av eit organ på kvar side av bakkroppen. Det er berre hannane som lagar lyd. Eit døme på at folk kunne biologi før i tida og, er Xenarchos frå Rhodos. For eit par tusen år sidan sa han dette: "Lykkelege er sikadane, for kvinnene deira er stumme."

Mvh Leif Ragnar Fiske