flyfoto todalsøran- foto Øivind Leren- rettighetshaver Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal melder:

Grenseendring Todalsøran naturreservat

Todalsøran i Surnadal vart verna i 2002 for å ta vare på eit viktig elveoslandskap. Miljødirektoratet har endra verneforskrifta med heimel i naturmangfaldlova § 77. Endringane gjeld eigedomsoversikta i forskrifta og grensene for reservatet.

Ingressfoto: Øivind Leren/Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Reservatet omfattar delar av eigedommane gnr/bnr 137/1, 2, 3, 4, 10, 65, 69 og 70, 144/19, 145/1, 3, 7, 9, 32, 52 og 53.

Arealet er redusert til 379 daa. Det er ikkje tatt ut noko areal med verneverdig natur, men småbåthamna, campingsplassen og litt av arealet ved Talgø Møbelfabrikk. Elles er det gjort oppdateringar i namnet på ulike etatar.

Den nye grensa vil bli merka opp av jordskifteretten.

Meir informasjon finn du her.