
Grøn Næringslivsdag 2013
Det var ein grøn tråd under Surnadal Sparebanks Næringslivsdag sist torsdag. Sterkast markert vart det ved at Bellonas stiftar og dagleg leiar Frederic Hauge var invitert. Administrerande direktør i Siemens Norge Per Otto Dyb følgde også den grøne tråden alt i overskrifta: Det Grønne Gullet.
Det var folksamt i vestibylen i minglepausane!
Det grøne gullet
Mesta halvparten av omsetninga hos Siemens kjem frå den grøne porteføljen.
Grønt er skjønt hos Siemens, sa Per Otto Dyb. T-banen i Oslo er eit glansbilde på grøn teknologi. Bremsinga av vognene genererer elektrisitet som blir brukt til drift igjen. Dermed har dei oppnådd 30 % reduksjon i kraftbehovet.
På El-bilar er Norge leiande. Hurtigladestasjonar blir bygd. Siemens er med. Vindmøller er eit anna Siemensprodukt.
Siemens samarbeider med Bellona m.a. Om Smart City-opplegg. Du kan lese meir om Smart City Trondheim her!
Vi får intelligente straummålarar i husa våre. Ny teknologi gjer det muleg for oss å bruke strøm til vaskemaskina når den er billegast. Dermed blir straumnettet betre ogjamnare utnytta, du sparer pengar og samfunnet sparer på infrastruktur. IT bli ein ny aktør i kraftbransjen!
Dyb meinte også at høghastighetstoga kjem, lønsamt og grønt, men det vil ta tid.
Framtidsvyer:
Norge vil i framtida hente store mengder elektrisitet frå flytande vindmøller offshore.
Sør-Europa vil hente elektrisitet frå store solcellekraftverk i Sahara.
![]() |
Den løysingsorienterte Frederic Hauge var nok den som sterkast heldt fram den grøne lina på Surnadal Sparebanks Næringslivdag. Men så er det også livsoppgaven hans!
Med utgangspunkt i at issmeltinga i Arktis er større enn dei trudde berre for få år sidan, tok han for seg bruk av andre energikjelder enn fossilt brensel.
Han nemnde Bellonahusetsom eksempel på eit energieffektivt hus. Huset har nok solvarme til oppvarming om vinteren, og om sommaren leverer dei energi til vannoppvarming av to hotell i nabolaget.
Han snakka også varmt om el-bilar, gjerne bilar som går på solenergi. Storsnakkis i 3013 vil bli Tesla Motors nye sportsbil, sa han.
Hauge kunne så fortelle oss om det store Sahara Forest Project. Det går ut på å bruke det vi har mykje av (saltvatn, sol, ørken og CO2) og skape det vi treng meir av (energi, ferskvatn, vegetasjon og mat). Les meir om Sahara Forest Project her!
|
Frederic Hauge kan bruke tovavottar frå Tovar neste gong han skal ut på ein kald ekspedisjon!