Grøtan skule2_1024x782

Grøtan skule anno 1950

Joralf Halgunset har sendt oss et bidrag til serien om gamle skolebilder. Bildet er av litt dårlig kvalitet, men vi håper det skal være mulig å se noen fjes likevel. Skolebildet er frå Grøtan skule i skoleåret 1950-51. Dette var første året på ein mannsalder at Ingvald Ålbu ikkje var lærar i Grøtan. Han flytta til sentrum i Rindal sommaren 1950, skriver Halgunset i en epost til Trollheimsporten.

 

Mange i Grøtan krets var uroleg for korleis det skulle gå da vi ikkje lenger hadde han Ålbu på plass bak kateteret. Men det gikk da utruleg bra lell. Vi fekk ein nyutklekt student frå Nesset, Ola Bersås det året. Han hadde ein annan stil enn gamallæraren, men da vi vart vant med han, så fekk han og stor tillit, kan Joralf fortelle.

Han tok eit arbeidsår for å tene pengar og kanskje og for å finne ut om læraryrket var noko for han. Og det var det. Han tok lærarskule etterpå, og kom attende åt Grøtan eitt år til. Han reiste etterpå til heimtraktene og heldt fram med lærargjerninga der.

 

For jentene sin del brukar eg etternamnet dei hadde som ugifte. Så vidt eg veit vart dei alle gifte:
1. rekke frå v: Astrid Norli, Ingrid Syrstad, Ingrunn Halgunset, Reidun Asphaug 2. rekke: Ola Bersås, Solveig Rise, Gjertine Norli, Inger Bakk 3. rekke: Lars Norli, Gudmund Halgunset, Jon Olav Møkkelgård, Oskar Møkkelgård, Joralf Halgunset, Jo Bakk Einast Rønnaug Ålbu er ikkje med på bildet. Truleg er det ho som er fotograf, men det kjem eg ikkje i haug.