NRK

Gud signe vårt dyre NRK

NRK har fjerna Fedrelandssalmen fra fast plass i radio P1 søndag morgen. Les mer for å se Lene Gåsvatn sin mening om dette!

Som ei såkalla prøveordning, har NRK fjerna Fedrelandssalmen frå fast plass i radio P1 sundag morgon. Eg spør meg kvifor, men veit mykje om kvifor ikkje: Lat det vera som det var. Lat dei som står opp tidleg sundag morgon få høyre denne salmen tale til sinn og tanke. Lat dei få ha orda sunge i øyra og formidla gjennom tanken som ei bøn. Lat dei for Guds skuld få halde fram med å be om signing for folk og fedreland, for oss som bur her og nyt godt av bedne bøner.

Å skulle marginalisere kjensler for Gud og fedreland er i beste fall arrogant. Dette betyr så mykje for så mange at det skulle berre mangle om me ikkje skulle kunne høyre denne salmen sungen tre minutt kvar 7.dag. Det skulle berre mangle.

For ordens skuld: NRK er berre eit tastetrykk eller to unna for alle som har tilgang til Porten. Det er berre å koma seg inn på nrk.no, klikke på melding til nrk – og så fyre laus om kva me meiner om “prøveordninga”. Dess fleir som tek seg bryet, dess tydelegare måtte det vera for dei som bestemmer at Fedrelandssalmen med ord og innhald er noko me vil ha fordi me treng den.