
Guds fred - i kapellet
"Værsågod, her er preika for komande sundag," skriv Lene prest til Trollheimsporten. Versågod, her kan du lese den:
Øvre Rindal kapell sundag 01.05.11. Joh.20,19-31.
Me skal høyre om kva som går føre seg på kveldstid påskedagen – og så ein kveld veka etter. Der skjer noko utanom det vanlege – det kan vera at oppstandelsen gjer sitt til å forandre alt menneskeleg av både angst og tvil til klåre vitnesbyrd om Kristi makt. Det kan vera det skjer – og det skjer!
Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Disiplane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si.
Disiplane
vart glade då dei såg Herren.
Igjen
sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender
eg dykk.»
Med
desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande!
Tilgjev
de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for
nokon, er dei fasthaldne.»
Tomas,
ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med
dei andre disiplane då Jesus kom.
«Vi
har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje
før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det
og stikka handa i sida hans.»
Åtte
dagar etter var disiplane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då
kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei
og sa: «Fred vere med dykk!»
Så
seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene
mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru,
men truande!»
«Min
Herre og min Gud!» sa Tomas.
Jesus
seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje
ser, og endå trur.»
Jesus gjorde òg mange andre teikn for auga på disiplane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka.
Men desse er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.
Fred vere med dykk, seier Jesus. Og han seier det ein gong til. Og endå ein gong seier han det: Fred vere med dykk.
Me kjenner vår Paulus såpass at me nok veit han har skrive noko om Guds fred. Han skriv at Guds fred, som overgår all forstand, skal bevare våre hjarto og tankar i Jesus Kristus (Fil.4,7).
Kva så? Er det me som skal bevare Guds fred, eller er det Guds fred som skal bevare oss? Det kunne vel så vera at Guds fred både skal bevare oss, hjarto våre og tankane våre med.
I min fjerne ungdom song Hans Inge Fagervik om denne scena me har føre oss. Det var noko som gjekk på at ”dei sat bak stengte dørar, 11 menn i lag, og dei følte seg så innmarig åleine. Jesus var gått bort no, gav seg utan slag … og lengre hugsar eg ikkje.
Men stemninga kan eg hugse. Følelsen og innlevelsen. Dei er 11 karar i lag. Innestengt med nøkkelen på innsida døra. Og føler seg åleine.
Er det slik me har det på kapellet i dag? Sit me her som 11 forskremte disiplar og føler oss åleine og forlatt? – eller er det berre at me oppfører oss slik?
Tanken slår meg av og til når eg skal hit for å ha gudsteneste. Det er mesta så ein kan sjå for seg kven av dykk som kjem før de kjem – og så blir eg glad når eg ser dykk. Så kan ein altids miste motet over at me ikkje er fleire, at me ikkje er yngre, at me ikkje er meir munter …
… me kan reint miste motet over at me er som me er. Der sat disiplane bak lås og slå og følte seg så innmarig aleine. Og her sit me og presterer mesta over disiplane i å synast synd på oss sjølv og tenkja små tankar om det som stort er.
For kva er vel ikkje stort her i kapellet her i dag, om ikkje dette at Jesus er komen her, han er her, han deler og meddeler og let seg dele ut? Kva kunne vera betre? Kva kunne gjeve oss meir mot og styrke … eller for å halde oss til dagens vokabular: Kva kunne gjeve oss større fred enn den Guds fred Jesus møter oss med?
Guds fred! Seier Jesus. Han som sjølv er Guds fred. Han som sjølv vart såra og gjennomborra. Han som sjølv retter fram hender og syner sida, slik at tvilande fingrar og hender kan søkjer og leite, finne og erkjenne:
Du er min Herre, du er min Gud! Så får Gud ta sin jobb med oss og sjølv vera den fred som bevarar hjarto og tankar i Jesus Kristus.
Det kan vera det skjer eitkvart i både hjarte og tanke på den som måtte vita at Jesus er Herre og Gud. Og bevart skal me bli i det som er Guds fred.

.png)

