IMGP8223_1280x848

"Guds øye"

Soknerådet for Øye/Ranes sokn har med hjelp frå tekstilkunstnaren Anne Botten Stokke frå Valsøyfjord utarbeidd prosjektskriv med teikningar og søknad om grøn messehakel til Øye kyrkje, sidan dei manglar den fargen.

Bildet over: Sokneprest Vidar Wilhelmsen Rygh, tekstilkunstnaren Anne Botten Stokke, soknerådsmedlem Jorunn Heggset og soknerådsledar Olav Mauset viser fram messehakelen slik den ser ut så langt.

No går søknaden til biskopen, som i lag med ein fagleg komité skal godkjenne forslaget. Oppgaven til soknerådet er å finansiere denne messehakelen. I dei første dagane sender dei ut eit skriv til næringslivet om å vere med på ein dugnad for å skaffe Øye kyrkje ein verdig messehakel. 

Grønt er liturgisk farge i openberringstida og i treeiningstida, som er ein god del av kyrkjeåret. Dermed blir det mange høve til å sjå denne messehakelen i bruk. Grønt er fargen for vekst og livskraft. 

Øverste bildet viser fargen rettast. Bilda nedafor er frå søknaden. 

2019-01-15 18.02.21_690x845.jpg

Messehakelen har eit ypsilonkors med ein trekant med eit auge, symbol på treeininga og Guds auge, på ryggsida.
Soknerådet har vore med på planlegginga i lag med tekstilkunstnaren Anne Botten Stokke. Dei hadde lagt fram særleg ønske om at auge (øye!) skulle brukast.

2019-01-017_690x867.jpg

Framsida er pryda med ei krone, symbol for siger. 

Symbola skal syast med nordmørssaum, og noko med gulltråd. Berre fôret, som er i thaisilke, skal saumast saman med maskin. Elles er messehakelen handarbeid.

IMGP8228.JPG

Anne Botten Stokke har utdanning innan folkekunst med hovudvekt på tekstil. Dette blir niande messehakelen Anne Botten Stokke skaper. Ho reknar med at ho treng halvannan månad til arbeidet.

Stoffet i messehakelen er frå Krivi vev på Tingvoll, som også har levert gardiner og veggtekstiler til møtesalen i Sikkerhetsrådet i FN-bygningen i New York og til Slottet.

Messehakel (av norrønt hakul, som tyder kappe) er ei kappe presten eller biskopen nyttar saman med den liturgisk drakta når han eller ho forrettar altarteneste på høgtidsdagar og under feiring av nattverd.

Messehakel vert laga av eit lett, mjukt og varig materiale med god lengde og breidde. Messehakelen høyrer til inventaret i kyrkja, medan andre liturgiske klede kan vere i presten sitt eige. Ei kyrkje vil gjerne ha ein messehakel i kvar av dei liturgiske fargane: grøn, kvit, raud og fiolett. (Wikipedia).